|
 |
D/S Suldal vart sett i drift i 1885 og gjekk i rute på vatnet i nærmare 100 år før båten vart overflødig. "Suldalsdampen" vart bygd om og endra fleire gonger. I 1953 vart dampmotoren skifta ut med ein semidieselmotor. Dampskipruta opna for turistferdsle gjennom Suldalsdalføret, og Suldalsosen vart eit knutepunkt på den kjende turistruta frå Sand, gjennom Suldal og Bratlandsdalen, over Røldal og til Odda. For turistane var Suldalsporten eit høgdepunkt. Suldalsporten er ei innsnevring av vatnet, der to massive fjellformasjonar står mot kvarandre. |
 |
|
 |
|